Dette er Kjennetegn på Senterpartiet gjennom historia i følgje Ola Borten Moe. Partiets nestleiar vitja vårslepp, og ga ein leksjon i partiets
historie og rolle i norsk politikk. Forutan dette spennande foredraget var helga på Sørmarka spekka med spennande aktivitetar.
Sjølv om Sørmarka som ligg idyllisk til er konferansesenteret berre 20 min unna Oslo. På senteret som Håkon Lie i følgje enkelte utsegn seint på kvelden bygde for egen maskin er det tett i tett med arbeiderpartisymbol. Denne helga var derimot Sørmarka farga grøn, av Senterungdommen. Med godt over 100 deltakarar vart det ei flott helg med mykje sosialt og faglig innhald.
Fredag:
Fredag vart ein kosekveld då Liv Signe vitja oss, den populære partileiaren fekk trampeklapp. Ho ga klar beskjed om at ho ønskja ein tøff Senterungdom som sett krav til moderpartiet. Vi i Oslo Senterungdom har planer om å følgje opp hennar ønskje!
Seinare på kvelden vart det underhaldning. Eit bredt spekter av underhaldningsbidrag frå revynummer til dans og eit alternativt Skavlan med blant anna ein vilter "Bjørn Kjos" var blant det ein fekk servert då.
Laurdag:
Laurdag var den store seminardagen. Eit bredt tilbod med grønne gule og raude kurs gjorde at samtlege deltagjerar på vårslepp truleg kom frå det med meir kunnskap, enn dei hadde då dei kom. Blant anna var det foredrag frå Geir Ove Ystmark, direktør i Industridelen til Fiskeri og havbruksnæringens landsforening. Ystmark ønskja meir satsing på havbruksnæringa.
Deretter vart det kurs i EU historie med Lise Rye Førsteamanuensis ved NTNU, og blant deltakarane i NOU-en om Noreg og EØS. Ho ga eit historisk tilbakeblikk på kva EU var, kva det er i dag ( til enkelte protester), og kva det kanskje vil vere i framtida. Hennar utfordring til Senterungdommen var å komme opp med realistiske alternativ til dagens EØS avtale.
Sundag:
Det faglege blei avslutta med eit foredrag frå Ivar Vigdenes statssekretær i Olje og Energidepartementet som fortalte om sitt syn på verdas energi utfordringar. Det var også raude kurs for den meir garva gjengen, samt grøne for den som er ny i Senterungdommen. På dei grøne kursa var Norsk matproduksjon og eit innføringskurs i EU blant det som stod på menyen.
Så vart det fest med mykje dansbarmusikk. Den eldre herren i baren fekk kjørt seg då han heile tida måtte servere festglade folk!
Sundag var det Ola Borten Moe og motivasjonscoach Henning Kristoffersen som stod for programmet, før vårslepp med eit var over.
Vi i Oslo Senterungdom hadde ei fin helg, både fagleg og sosialt, og nå skal vi altså gjere som Liv Signe ønskja, markere oss!!!




